HØBBEN -
TREFFPUNKT FOR UNGDOM OG AKTIVITETAR

VELKOMEN TIL HØBBEN
Høbben er ein sosial møteplass for ungdommar i Sykkylven. Her kan du vere saman med venar og ein moglegheit til å møte nye. Høbben spelar på ordet "hub". I dataverden er det "en enhet som brukes til å koble sammen flere datamaskiner i et nettverk, for å få dem til å kommunisere med hverandre". Eit anna bruksområde for ordet er eit senter eller eit nav for aktivitet og sosialt nettverk mellom menneske. Så alt dette er treffande for vår Høbben.
Høbben blei bygd opp på dignad av Sykkylven Idrottslag og Sykkylven IL E-sport. Fleire tusen timar blei lagt ned og vi er veldig stolt over å kunne ta eit samfunnsengasjement i Sykkylven kommune.

KVA SKJER PÅ HØBBEN
OPNINGSTIDER: VANLEGE DAGAR
ONSDAGAR: kl 18 - 21
LAURDAGAR: kl 19 - 23
ARRANGEMENT: Der vil og bli satt opp ulike arrangement på Høbben. Det kan vere alt ifrå data- og konsoll turneringar, Quiz, temakveldar, kurs, konsertar eller liknande. Dette blir satt i kalendaren og informert ut til brukarane av Høbben.
PÅ DAGTID: Er det mogeleg å leige Høbben. Vi er i dialog med ulike aktørar som truleg kjem til å nytte Høbben til ulike tilbod og aktivitetar.


UTLEIGE
BEHOV FOR EIT FRESH
LOKALE TIL Å AVHOLDE
KURS, FOREDRAG ELLER MØTE?
DÅ ER HØBBEN
PLASSEN!
TA KONTAKT FOR MEIR INFO OG TILBOD:
MAIL: POST@HOBBEN.NO
TELEFON: 452 67 845
ALLE HENVENDELSAR SKJER GJENNOM MAIL ELLER TELEFON


LEIGE AV UTSTYR
PRIS:
GAMINGPC: GRATIS
KONSOLL: GRATIS
GAMECUBE: GRATIS
Dette kan endre seg

HØBBEN-CREW
Lyst til å bidra på Høbben?
Høbben-crew er ei gruppe med både vaksne og ungdom som jobbar for at ungdommane i Sykkylven skal ha ein sosial møteplass. Vi har vaktturnus, det vanlege er å ha ei vakt i månaden på kveldstid.
Høbben er alltid på utkikk etter ressurspersonar som ynskjer å gjere ein forskjell. Vi er ikkje berre på utkikk etter personar som kan vere vakt, men og dei som kunne tenkt seg å organiserer, planlegge, gjennomføre arrangement, jobbe med sosial medier. Kanskje du er heilt RÅ i å søkje på støtteordningar? IT-interesse? Der der er mange områder vi treng DI hjelp!
Ta kontakt med Hanna Ebbesvik - hanna@ebbesvik.net
