top of page

om høbben
Høbben er ein sosial samlingsstad i Sykkylven for alle ungdommar. Her kan du vere saman med venar og ein moglegheit til å møte nye. Høbben spelar på ordet "hub". I dataverden er det "en enhet som brukes til å koble sammen flere datamaskiner i et nettverk, for å få dem til å kommunisere med hverandre". Eit anna bruksområde for ordet er eit senter eller eit nav for aktivitet og sosialt nettverk mellom menneske. Så alt dette er treffande for vår Høbben.
Høbben blei bygd opp på dignad av Sykkylven Idrottslag og Sykkylven IL E-sport. Fleire tusen timar blei lagt ned og vi er veldig stolt over å kunne ta eit samfunnsengasjement i Sykkylven kommune.



bottom of page



